Hovudprosjekt Norsk Innovasjonssenter

Høgskulen i Volda, Møre og Romsdal fylkeskommune, Volda kommune, Studentsamskipnaden i Volda og Sunnmøre Kulturnæringshage står bak prosjektet for etablering av Norsk Innovasjonssenter i Volda.

I perioden 2019-2021 har ein i prosjektet lagt tilrette for etablering av eit innovasjonssenter knytt til Høgskulen i Volda.  Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Volda kommune, Høgskulen i Volda og innovasjonsselskapet Sunnmøre Kulturnæringshage AS som og har prosjektleiinga.

Planane for etablering av innovasjonssenteret er ein naturleg konsekvens av utviklingsplanane ved Høgskulen, som og inkluderer det nye mediebygget Siver Aartflot- huset som stod innflyttingsklart i juni 2021.

MedieVolda sitt planlagde nybygg
Mediebygget Sivert Aarflot-huset (Illustrasjon:PEAB / K Nordang AS/ Statsbygg)

Det nye Mediebygget har frigjort det kommunalt eigde Ivar Aasen-huset på campus HVO som gjennom prosjektet vart peika ut som framtidig lokasjon for Norsk Innovasjonssenter. Plasseringa med «tøffelavstand» til studentar, fagmiljø og infrastruktur gir ei særskild moglegheit for etablering av ein allmenning for tverrfagleg innovasjon og næringsutvikling med tyngdepunkt på søre Sunnmøre.  Innovasjonssenteret vil være ein ressurs for regionalt næringsliv, kompetansemiljø i offentleg sektor, fagmiljø, studentar og kunnskapsintensiv tenesteproduksjon.

På høgskuleområdet finn ein og Volda Campus Arena som gir tilsreisande, fastbuande og studentar i regionen eit moderne idrettsanlegg. Illustrasjonen under synerVolda Campus Arena, med administrasjonsbygget ved Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, i bakgrunnen oppe til høgre på bildet.

Volda Campus Arena. Illustrasjon: FireGrader AS

Biletet under syner korleis Nye Ivar Aasen-huset kan bli plassert . Tomta er eigd av utviklingsselskapet Volda Utvikling AS som hausten 2021 utlyste ei konkurranse som i løpet av året som vil gi den endelege utforminga av bygningsmassen som i byggetrinn 1 skal huse Norsk Innovasjonssenter. Gjeldande reguleringsplan for området – som er omtalt som Aasenkvartalet – gir i fyrste byggetrinn moglegheit for fire etasjar pluss parkeringskjellar. Arealet som Volda Utvikling AS disponerer i Aasen-kvartalet gir moglegheit for bygging av kring 60.000m2.

Nye Ivar Aasen-huset
Konseptskisse byggetrinn 1 Aasenkvartalet. Skisse: Norplan


I hovudprosjektet planlegg ein arenaen for regional samhandling, kunnskapsutveksling  og tverrfagleg innovasjon til nytte for næringsliv, kommunar, helseforetak, studentar og fagmiljø ved høgskulen. 

Det er nedsett ei styringsgruppe for prosjektet med fylgjande medlemar:

Tarjei Munthe Vassbotn – Disruptive Technologies AS
Gunnar Solheim – Orgdot AS
May-Britt Roald –  (observatør) Regional- og næringsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune
Jarl Martin Møller – Kommunalsjef, Volda kommune
Palma Hånes – Klinikksjef Volda sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Unni Hagen, Dekan ved AKF, Høgskulen i Volda
Kate Kartveit, Dekan ved AMF, Høgskulen i Volda
Karen Lomeland Jacobsen – Direktør ved Høgskulen i Volda
Jan Henning Egset, Direktør, Studentsamskipnaden i Volda
Trond-Fredrik Hagemann Hoddevik, Leiar for Studentparlamentet i Volda

Prosjektleiing:
Sunnmøre Kulturnæringshage AS
Storgata 8
6100 VOLDA
Telefon 70 33 06 60

Kontaktperson:
Martin Foldal