Samhandlingsarena

Norsk Innovasjonssenter blir ein arena for regional samhandling, kunnskapsutveksling  og tverrfagleg innovasjon til nytte for næringsliv, kommunar, helseforetak, studentar og fagmiljø ved høgskulen i Volda.

Norsk Innovasjonssenter vil tilby både infrastruktur for innovasjon og kompetanse i for nyskapingsprosessar. Vi har i prosjektet definert seks viktige areal som i samspel skal bidra til at vi når våre mål:

Handlingsromet
Dette er eit fleirbruksrom på 400m2 med 5 meter takhøgd som vil ha utstyr for kurs, konferansar, undervisning, kulturarrangement, kalibrering av filmproduksjonar og filmopptak med storformat grønskjerming, kunstig intelligens-assistert digital filproduksjon med meir.

Framtidssløyd
Dette er ein 200 m2 stor fysisk prototypverkstad, idélab og møteplass for prosessinovasjon som skal være open og tilgjengeleg 24/7. Framtidssløyden vil være komplementær til Høgskulen i Volda sine eksisterande verkstadar og laboratorium, og kunne fungere som Newton-rom for kommunane på søre Sunnmøre.

Arbeidsallmenning
Dette arealet på tilsaman 500 m2 er sett saman av 3 soner som fungerer både isolert og samankobla, og her vil ein finne døgnopne arbeidsplassar for studententreprenørskap, inkubator for nye vekstbedrifter, næringshage og kontorplassar tilgjengelege  for digitale nomadar.

Kontor- og møterom
Eit areal på 450 m2 vil i tillegg til kontor for eksisterande bedrifter innan kreative kulturnæringar og kunnskapsintensiv tenesteproduksjon ha plass til 8 mindre og 2 store møterom som skal kunne leigast både av verksemder i Norsk Innovasjonssenter og andre utanfrå som har behov.

Innovasjonspub
På dagtid vil alle som besøker bygget kunne få seg mat og drikke i den 250 m2 store kaffibaren som og vil fungere som arena for mindre arrangement på kveldstid og som serveringsområde for Handlingsromet ved arrangement.